Israel Shamir

The Fighting Optimist

Bankmenn og ranarar

Jødisk solidaritet er ein kostesam illusjon, av di ein jødisk kjeltring vil svindla ein annan jøde like snart som han vil svindla ein goyim (ikkje-jøde), og kan henda snarare. Det sveitsiske bankranet er i ferd med å koma fram i dagen.

“Dei sveitsiske holocaustpengane synte seg å vera ein myte”, skreiv The Times den 13 oktober, og byrja letta på sløret over ei av dei mest lysskye og bisarre historiene om utpressing og ran vi har sett. Det byrja i 1995. To viktige herrar, Edgar Bronfman, formann for Den Jødiske Verdskongressen, og Abraham Burg, ei veksande stjerne i israelsk politikk, vitja sveitsiske bankar på eit humanitært oppdrag. “De har millardar av dollar som vart sett inn av jødar før andre verdskrigen,” sa dei. “Vi vil ha pengane tilbake med ein gong, medan dei overlevande etter det jødiske holocaust framleis er i live. La dei nyta sine siste år av livet i relativ velstand”, sa dei. Bronfman og Burg var slike folk som får bankar og trygdelag til å vakna opp og høyra etter.

Edgar Bronfman arva milliardane sine fra far sin, Sam, som var mafiaboss. Sam tente ein formue på å smugla sprit til USA i forbodstida. Han blanda varene i Canada og smugla over dei store sjøane gjennom gangsternettverket sitt. Etterpå tente han enno meir pengar som lånehai. Rett før han døydde vart han spurt av ein journalist kva som var den største oppfinninga til menneska. “Renter på lån” svarte han, slagferdig til det siste.

Kapitalen tent på kriminalitet og tyning av debitorar kunne vera nyttig i politikken. Også i jødisk politikk, av di du ikkje treng å verta valt for å verta ein nykkelfigur. Du kan alltid leiga to rom i ein kontorbygning og setja opp eit skilt der det står “Verdas Jødeforeining”, “Forum for overlevande” eller “Den Jødiske Frigjeringsorganisasjonen”, så er du i gang. Det finst ikkje copyright på slike titlar. Bronfmanns “Den Jødiske Verdskongressen” var ein slik liten organisasjon med stort namn. Før Bronfman har ein eller annan jødisk farsfigur vore formann, slik som forgjengaren Nahum Goldmann. Men organisasjonen fann ingen strenger å spela på, og fekk lite gjort. Med den svære kapitalen til Bronfman i ryggen vart organisasjonen ein maktstruktur.

Avrum (Abraham) Burg, ordføraren i det israelske Knesset og ein av leiarkandidatane i det Israelske Arbeidarpartiet, er sonen til ein viktig israelsk politiskar. Dr Burg var leiar for det nasjonal-religiøse partiet, og sat i alle regjeringar i Israel i førti år før han døydde. Avrum mynta ut eit typisk slagord på kveldssendinga til ABC i august, då han skildra palestinarane som “folk du ikkje ynskjer dotter di skal gifta seg med”. Avrum trong ein sponsor for å koma seg opp i politikken, medan Bronfman trong ein påliteleg israelsk partnar for å gjennomføra planen sin.

Ingen bank eller trygdelag kunne seia nei til slike viktige menn. Etter eit halvhjarta forsøk på motstand gav dei sveitsiske gnomane etter, og dei påståtte leiarane for jødane gjekk sin veg med store summar. “Jødane vil rana bankane og trygdelaga våre i namnet til holocaust”, tenkte truleg sveitsarane. Men dei tok feil.

For medan denne historia byrja som “Gjensyn med Sions eldste”, fylgte framhaldet manuskriptet til “Stikket”. Seks år gjekk, men dei internasjonale kommisjonane Bronfman og Burg hadde laga gav omtrent ikkje frå seg pengar. Nesten ingenting gjekk til dei som hadde overlevd holocaust. Pengane vart misbrukte av dei same folka som hadde kravd rettferd for ofra.

For litt sidan kunne den velrennomerte LA Times melda: “Ein internasjonal kommisjon som vart oppretta for å avgjera pengekrav for ofra frå holocausttida har brukt meir enn 30 millionar dollar på salær, hotellrekningar og avisannonsar medan kommisjonen berre har betalt ut 3 millionar til ofra”. Kommisjonsmedlemene gjorde kommisjonen til eit reisebyrå for overklassa. LA Times skreiv: “Dokumenta syner at kommisjonen sidan 1998 har halde minst 18 møte med opp til 100 deltakarar på hotell i London, Jerusalem, Roma, Washington og New York”. Når det gjeld oppgjeret for slavearbeid, rapporterte The Independent: “Medan ofra for holocaust vil få mellom 2 500 og 7 500 amerikanske dollar, vil (dei jødiske) advokatane som tinga fram avtalen få salær på godt over 1 million USD kvar.

No kan The Times fortelja at dei sveitsiske bankane har sjekka dei sovande kontoane og funne at dei ikkje eingong tilhøyrde jødiske offer for holocaust. For det meste dreidde det seg om “velståande ikkje-jødar som hadde gløymt pengane sine”. Sveitsarane betalte ikkje 1,5 milliardar dollar til Bronfman og Burg på grunn av at dei var overtydde av dokumentasjonen deira. Dei punga ut av di dei ikkje hadde noko val. Bronfman (saman med Mark Rich) var ein viktig støttespelar for Bill Clinton, og Clinton ville ha fylgt opp saka – jamvel om han kanskje ikkje hadde gått så langt som til å bomba Sveits.

Ein del av historia byrja å koma fram i dagen i CUNY-professor Norman Finkelsteins bestseljarbok Holocaustindustrien. Dette førde til ein god del diskusjon. Finkelstein protesterte på pengeutpressingsmetodane til dei jødiske organisasjonane. Dei freista framstilla han som ein lygnar og antisemitt. No, eitt år etter at boka kom, byrjar fleire uventa og saftige detaljar å lekka. Om opplysningane vert stadfeste, byrjar vi sjå konturane av det største ranet i førre hundreåret.

Slik det ser ut no tok professor Finkelstein feil på nokre punkt. Til jødehatarane si sorg var ofra for ranet ikkje berre bankar og trygdelag, men også vanlege folk med jødisk bakgrunn. Men like pinleg for jødevenene er det at ranarane var dei sjølvutnemnde jødiske leiarane som hevda at dei representerte interessene til det jødiske folket.

II

Mannen bak denne oppdaginga er svært ulik New York-professoren Finkelstein. Martin Stern er ein velståande britisk forretningsmann, djupt engasjert i eigedomsmarknaden og jødiske og sionistiske saker. Han arbeider i London, men er i sitt romslege husvære i eit ortodoks grannelag i Jerusalem i helgane. Han held alle bønene i sin shul, gjev pengar til gode føremål og elskar Israel.

Heile maskineriet av holocaustkrav starta då han møtte ein sveitsisk bankmann i Villar, ein feriestad i dei sveitsiske Alpane. Bankmannen fortalde Stern ei interessant lita historie. Banken hans, Union Swisse (USB), la alle forretningane sine inn på data i 1987 og oppdaga mange kontoar som hadde sove sidan 1939. Banksjefane fann ut at ikring 45 millionar sveitsarfranc (30 mill. USD) i innskot truleg tilhøyrde jødar som døydde under eller etter krigen.

“Vi ville ikkje sitja på andre sine pengar”, sa den ærlege sveitsiske bankmannen. Vi tok kontakt med den jødiske verdskongressen og bad dei om å hjelpa oss med å finna arvingane til pengane. Kongressen svara at dette ikkje stod på deira dagsorden. Sveitsarane drog på herdane og overførte dei 30 millionane USD til Raudekrossen.

Denne historia gjorde inntrykk på Martin Stern, og han fortalde historia til israelsk radio. To veker etter sendinga kom “tilfeldigvis” Bronfman og Burg og banka på døra til det sveitsiske bankforbundet og forlangte pengane. Slik vi har fortalt fekk dei pengane men heldt på dei for eigne føremål. Martin Stern syntes han var involvert og byrja fylgja med etterkvart som saka utvikla seg.

Han vart meir og meir uroa av korleis holocaustpengane vart brukte. I tillegg til sine eigne salær brukte fordelingskommisjonen 43 millionar USD til matpakkar til russiske jødar. Dette var ei sak Bronfman og Burg ikkje hadde nemnt då dei bad dei sveitsiske bankane om å få opp farta med utbetalinga til dei rette eigarane av pengane, dei overlevande. Hadde dagsordenen deira vort endra undervegs?

Familieband førte Stern til ei liknande historie som galdt Generali Forsikring. Før andre verdskrigen var Generali eit stort italiensk trygdelag, eigd av italienske jødar. “Mange trygdelag var eigde av jødar før andre verdskrigen, av di forsikring i den tida var den vesle manns bank”, forklarar Stern. Generali hadde store porteføljer i Palestina, og likeeins på Balkan og i Italia. Trass i krigen, italiensk fascisme og holocaust heldt Generali på sine jødiske band. Dei ynskte ikkje å fylgja sveitsarane og tyskarane, og dei nekta på all kjennskap til forsikringar frå før krigen. Stern etterforska for eigen kostnad og greidde finna fram til dei hemmelege kontoane der Generali-sjefane gøymde førkrigspengane. Han fann ut at Generali skulda store summar til arvingane etter forsikringstakarane. Oppdaginga hans pressa Generali Forsikring til å gå med på ein avtale om å betala. Dei ynskte gjera opp med arvingane personleg.

III

Om ikkje dei daude hadde vore jødar, ville arvingane deira fått utbetalt verdien av forsikringssummen frå forsikringsselskapet eller banken det galdt. Men som du sikkert har forstått, er vi jødar annleis. Vi er annleis av di vi på ein måte er meir naive. Det er difor vi har gått med på å ha mellommenn – dei jødiske leiarane – for å gjera avtalar med (den stort sett ikkje-jødiske) verda.

Frå femtitalet av har jødiske leiarar tent formuar som mellommenn, av di erstatningane ikkje gjekk rett til arvingar og overlevande, men via dei klebrige hendene til dei jødiske leiarane. Dei israelske jødane skulle få kompensasjonar og pensjonar via israelske styresmakter, medan europeiske jødar fekk pengane sine rett frå goyimane (ikke-jødane). Merkeleg nok fekk dei overlevande som vart betalt via jødiske hender alltid mindre, nokre gonger mykje mindre. Den jødiske staten, jødiske bankar og jødiske organisasjonar tente på kvar transaksjon, og dei brukte alle triks. Medan det var stor inflasjon i Israel hang pensjonane til overlevande alltid tilbake i gamal kurs. Bankar overførte ikkje pengane til rett tid.

Då dei russiske jødane byrja koma til Israel, tinga dei jødiske leiarane fram ein avtale med Tyskland om leggja til rette for dei overlevande. Løvas part av pengane vart verande i hendene til jødiske organisasjonar og mellommenn.

Alle som leit på sine jødiske brør vart svindla, sidan det å stela frå med-jødar er ei favorittverksemd for jødiske kjeltringar, leiarar og bankmenn. Ein kynisk mann ville sagt at sjølve ideen om eit jødisk folk er ein av kjeltringane sine beste påfunn. Då våre bestefedrar levde fungerte ikkje dette like godt. Då visste alle jødar at ein jødisk kjeltring ville svindla ein annan jøde like snart som han svindla ein goyim, og truleg snarare. Men no har vi gløymt denne viktige kunnskapen.

IV

Etter at Martin Stern fann forsikringsfondet, gjekk Generali Forsikring med på å samarbeida og betala. Men dei israelske og jødiske politikarane ynskte å vera med i spelet. Dei tinga fram ein avtale med Generali på vegner av dei jødiske forsikringstakarane. Det var ein skrudd idé: Same om jødane er ei religiøs eller etnisk gruppe, så forsikrar dei liva sine som privatpersonar. Og dei har ikkje gjeve israelske politikarar fullmakt til å representera seg. Men politikarane tinga fram avtalen, mottok 100 millionar dollar, kalla det “Generalifondet” og byrja bruka dei som sine eigne pengar. Dei gløymde interessene til dei jødiske forsikringseigarane – eller dei hadde kanskje aldri tenkt på desse interessene som noko anna enn ein talemåte.

I juni 2001 hadde Generalifondet handsama søknadene til berre 72 av dei 1250 som hadde teke kontakt for å krevja forsikringspengane sine att. Arvingane til forsikringstakarane vart sende hit og dit, ofte avvist utan grunngjeving eller dei fekk ikkje svar i det heile. I desperasjon tok dei kontakt med italienarane, som betalte med ein gong. Det var nok eit prov på at vi jødar treng jødiske mellommenn slik fisk treng froskemannsdraktar. I mellomtida betalte fondsstyret ut 270 “ex gratia humanitære utbetalingar”. Dei sende matpakkar til russiske jødar for å få dei til Israel. Eg er sikker på Generali gjerne gjev mat til russiske jødar og støttar den sionistiske saka, men kvifor sa ikkje dei israelske politikarane noko om dette då dei tinga fram avtalen?

Martin Stern oppdaga at dei som styrte Generalifondet byrja fly ofte til Italia på reiser betalt av fondet, og då det såg ut som om pengane vart knappe nølte dei ikkje med å be Generali om meir støtte. Rykta gjekk over havet, og dei amerikanarane som hadde krav til gode oppdaga at krava deira vart “ordna” av politikarane. Amerikanske, jødiske organisasjonar støtta sine israelske kompisar. Ein viktig aktør i systemet var Lawrence Eagleburger, ein tidlegare amerikansk utanriksminister. Denne store mannen leier kommisjonen av jødiske leiarar som skal handsama holocaustrelaterte krav, og han får eit årleg salær på 350 000 USD for dette. Etter det Stern veit var pengane som Generali betalte berre så vidt nok til å betala det kravsmennene skulle ha. Difor er han vettskremt av korleis Bronfman og Burg søler bort pengane på andre gode saker.

V

Medan jødiske organisasjonar gjorde livet vanskeleg for sveitsiske og tyske bankar, vart dei langt meir varsame då dei kom over ein jødisk bank. Bank Leumi i Israel har truleg langt større fond etter drepne jødar enn nokon sveitsisk eller tysk bank. Du ler sikkert: Dei israelske bankmennene har det ikkje travelt med å gje pengane tilbake til dei rette eigarane. Faktisk held dei på pengane som om dei var limt fast. Før andre verdskrigen hadde mange europeiske jødar sparepengane sine i den anglo-palestinske banken som Bank Leumi heitte før 1948. Dette var den største banken i britisk Palestina. Nokre hadde kontoar, andre leigde bankboksar. Ikkje berre jødar brukte denne banken – i kvelva låg det store formuar som tilhøyrde palestinske kristne og muslimar.

Mange palestinarar miste innskota sine i den store uroa i 1948. Israelske bankar brukte alle middel for å blokkera innskota og la dei forsvinna i inflasjon. Men jødar kom ikkje betre frå det. Det ser ut som om den verste staden ein jøde kunne plassera sparepengane sine var Bank Leumi, den israelske nasjonalbanken. Holocaustoverlevande og arvingane til ofra vart møtt med sta avslag frå Bank Leumi når det galdt å opna arkiva for ettersyn.

Som ei fylgje av privatisering vart Bank Leumi deleigd av Generali Forsikring. Migdal Forsikring, Gererali Forsikring og Bank Leumi er ei samanvoven gruppe av forretningar og forretningsmenn med tvilsamt rulleblad. Dei same folka sit i styra, deler ut godtgjerdsler til kvarandre og flytter rundt fond.

Martin Stern oppdaga at tilsette i Bank Leumi på femtitalet utan ekstern kontroll hadde opna alle sovande bankboksar, til og med utan å skriva protokoll. Innhaldet vart lagt i brune konvoluttar og lagt i arkiv utan offentleg innsyn. Som ein fargerik detalj fekk han høyra om ein kasse som i årevis stod i kontorlokala til Bank Leumi. Dei tilsette klaga på at dei sparka hol i sokkane sine på hjørna til kassen. Då kassen vart opna fann dei ein verkeleg kunstskatt, truleg plassert i bankkvelven for trygg plassering av den koptiske kyrkja. Til denne dag har ikkje kunstskatten vorte returnert til kyrkja.

Martin Stern kunne knapt tru at slike brot mot alle lovar for bankverksemd var moglege. Som del av sin kamp for interessene til holocaustoverlevande og arvingane deira, forlangte han at Bank Leumi skulle kunngjera namna til dei bankbokseigarane som hadde fått innhaldet i boksane fjerna av banken. Fyrst nekta bankdirektøren Galia Maor for at banken hadde opna boksane. Då han la fram prov, sa ho freidig at “vi fann berre kjærleiksbrev”. Eg lurar på om dei jødiske organisasjonane ville slege seg til ro med eit slikt svar frå sveitsarane.

Det gjekk med valutainnskot på same måte som med bankboksane, av di Bank Leumi kunne tena på begge delar. Ei fru Klausner sette før andre verdskrigen inn 170 pund sterling i banken – i dag tilsvarande 25 000 USD. Då ho kom tilbake for å ta ut innskotet, tilbaud Bank Leumi henne 13 nye israelske shekel – eller 4 USD. For å koma unna pinlege situasjonar i framtida byrja banken å makulera gamle dokument.

Israelsk presse og Knesset gådde triksinga til Bank Leumi, og det vart reist krav om ein parlamentarisk granskingskommisjon. Det tok seks månader å verta ferdig med tingingane før ein fekk sett ned kommisjonen, men i mandatet var det ein påfallande mangel. Dei overlevande hadde kravd at ein skulle finna ut kven som hadde vore ansvarlege for at pengane deira vart gøymde unna eit halvt århundre. Dette kravet vart ikkje teke omsyn til i mandatet. Enno verre var det at det i kommisjonen sat folk som var personleg ansvarlege for korleis saka har utvikla seg. Zvi Barak er styremedlem i Bank Leumi, han sit også i styret i Generalifondet og har delteke i prosessen mot dei sveitsiske bankane. No har han fått i oppdrag å finna dei ansvarlege i sin eigen bank.

Michael Kleiner er ein høgreorientert parlamentsmedlem frå Herutpartiet. Han skreiv til den parlamentariske kommisjonen “banken øydelegg dokument i to ulike avdelingar, og no er det sterk mistanke når det gjeld kva som skjer med holocaustinnskota og spesielt dei brune konvoluttane frå bankboksane”.

Nyleg vart Bank Leumi kjent for storstila kvitvasking av pengar, då dei stolne formuene til Vladimir Montesinos og sjefen hans, Alberto Fujimori, vart spora til Bank Leumis avdeling i Sveits. Omgrepet “kvitvasking” er mesta ubrukande når det gjeld ein slik bank: Gav du dei eit kvitt handkle til vasking, fekk du det vel helst tilbake brunflekkete.

VI

Den største sigeren til dei jødiske leiarane såg ein likevel i Tyskland i 1991 då Austtyskland vart del av forbundsrepublikken. Etter 1945 gav ikkje det sosialistiske Austtyskland tilbake eigedom til dei tyske førkrigseigarane – anten dei var goyim eller jødar. Det var logikk i politikken deira. Austtyskarane rekna ikkje med noko “jødisk folk”. Dei handsama tyske borgarar likt – om dei var jødar eller ei. Dei meinte naziideane om utskiljing av jødar hadde vorte gravlagde i 1945. Dei tok feil. Vesttyskland godtok den føydale ideen om “jødeskapet” (jewry) i 1950, då dei betalte kompensasjon for jødisk eigedom – ikkje til overlevande eller arvingar, men til staten Israel og jødiske leiarar andre stader. Vesttyskarane gjorde det same i 1991.

Eit døme: To tyskarar, Moses og Peter, døydde under krigen og etterlét seg eigedom i Austtyskland. Eigedomen til Peter Goyim vart verande under kontrollen til tyske styresmakter til arvingane hans vart funne. Om han ikkje hadde arvingar ville eigedomen framleis tilhøyra det tyske folket. Men eigedomen til Moses Jøden ville verta overført til herrane Bronfman & Burg som leiarar og representantar for det jødiske folket – konferansen for jødiske krigskrav. Tyskland overførte eigedomen som høyrde til sine jødiske borgarar på austtysk territorium til denne konferansen.

Konferansen var ei fiktiv forsamling av 44 menn som ikkje representerte nokon. Nokre av dei representerte til dømes ein organisasjon med det flotte namnet “Anglo-jødisk Forbund”, som totalt har kring 50 medlemmer. To personar “representerer” millionar av israelske jødar. Denne konferansen skulle så finna dei rette arvingane til Moses og andre jødar av tysk opphav.

Dei jødiske leiarane hadde ein bedre idé. Dei visste at mange eigarar aldri ville krevja husa sine tilbake likevel, og då ville eigedomen vera deira. Men sjølv det var ikkje nok for desse grådige typane. Dei sette ein frist for krav: Dei som ikkje heldt seg innanfor fristen ville ikkje få krava sine vurdert. Det var eit triks verdig det jødiske talentet: Tredve milliardar dollar i fast eigedom var deira – nesten lovleg. Frå no av kunne dei ta lett på krav frå dei eigentlege eigarane. Og milliardane av dollar i inntekter kunne samla seg opp på kontoane deira.

Organisasjonane til amerikanske jødiske overlevande tok då opp kampen mot sine jødiske leiarar. Dei krev at konferansen skal laga ei offentleg tilgjengeleg liste over eigedomar, finna dei verkelege arvingane og gje dei frå seg. Dei planlegg å saksøkja Tyskland, Italia og andre land og organisasjonar som av ein eller annan mystisk grunn godtok den middelalderske ideen om “jødisk eigedom”. Dei seier at eigedom berre kan tilhøyra jødiske individ, og at det ikkje finst noko slag “jødisk eigedom”. Slik denne historia har vist er idear om “jødisk eigedom” bra for sjølvproklamerte jødiske leiarar for å halda oppe det velstandsnivået dei er vande med, men for vanlege folk med jødisk bakgrunn er det på tide å gje opp dei kostesame illusjonane om jødisk solidaritet.

Featured Posts

The Liberation of the Slaves

Donald Trump’s electoral victory unleashed pent-up tectonic energies on the unprecedented scale. The world has been changed, much more than ...

Read More

If They Are Bombed - They Are Daesh

President Putin is a pirate, no less. In his declaration at the UN, he stole President Bush Jr’s copyrighted 2001 ...

Read More

Evan El-Amin  /  Shutterstock.com

Les guerres de genre de H. Clinton

Est-ce que les hommes qui votent pour H. Clinton vont finir en enfer ? Je n'en suis pas sûr. Nous savons ...

Read More

Ryan Rodrick Beiler / Shutterstock.com

Autumn in Palestine

Autumn is beautiful in Palestine: overripe blue-green figs, unpicked pomegranates pecked by birds, heavy grapes turn red. Now is the ...

Read More

A Syrian Breakthrough

The Russians and their Syrian allies have cut the main supply line of the rebels to the north of Aleppo, ...

Read More

Leave a Reply

Israel Shamir © 2016 Frontier Theme