Israel Shamir

Ideas that will Derail the descent to Barbarity

Fiesta of St. Fermin

Då eg reiste i nord-Spania for ei tid sidan, kom eg til den gamle hovudstaden i Navarra. I Pamplona feira dei St. Fermin, og tusenvis av aficionados fyllte dei tronge gatene inn mot den kjende tyrefektararenaen. Det var også mange utlendingar som fylgde i Hemingways fotspor. På morgonen var det unge gutar på arenaen med dei unge oksane, dei konkurrerte i fart og eleganse. Det var ei spanande framsyning, full av adrenalin, men ikkje noko blod. På kvelden var det annleis. Då sloss vaksne menn med vaksne oksar; store, kolsvarte dyr med skarpe horn og fart som eit hurtigtog. Kvar av dei vog over eit halvt tonn, kvart gram fyllt med det resolutte sinnet til ein terrier.

Tribunane over arenaen er delte i to ulike seksjonar, med særs ulike tilskodarar. I Sombraseksjonen applauderer overklassen framsyninga høfleg. Dei er viktige folk, og matadoren gjer sitt beste for å syna dei kunsten sin. I Solseksjonen sit vanlege folk under det intense pyreneiske solskinet. Dei kjem i humør ved å tøma sangriaflasker, dela heimelaga mat med framande og syngja St. Fermins song. Dei elskar også tyrefekting, med det skjer lite på deira side av ringen.

Matadoren arbeider utruleg nært oksen, han skifter berre så vidt på kva fot han har vekta på for å koma unna dei dødelege horna. Hadde det ikkje vore for at dyret forstår så lite av det som skjer, ville eit menneske ha små sjansar til å overleva kampen med oksen. Men oksen vert fascinert av det raude kledet – muleta – som matadoren held framfor han. I staden for å gå etter matadoren, går han etter kledet. Mot slutten, sliten av det bortkasta slitet, motlaus av alle dei mislukka åtaka mot kledet som berre forsvinn, stod oksen stille. Han bøygde nakken og venta på det nådefulle stålet.

Tyrefektinga er ein god metafor for den fruktlause kampen for borgarrettar i Palestina. Dei jødiske busetnadene midt i områda der palestinarane bur er som det raude kledet. Busetnadene plagar oss, av di dei øydelegg den bibelske venleiken til høglandet. Dei plagar oss avdi dei er synleg urettferdige, sidan dei er opne berre for jødar medan goyimar ikkje eingong kan koma til grensene deira. Dei plagar oss avdi dei er årsaka til separate berre-for-jødar-vegar. Dei plagar oss på grunn av den provoserande framferda til busetjarane, som gjer sitt verste for å audmykja sine ikkje-jødiske grannar. Dei plagar oss, avdi dei riv opp oliventre og i staden byggjer stygge, prefabrikkerte hus. Så vi går til åtak på dei, medan matadoren flytter seg, og dei viktige folka over klappar.

Lat oss for ein gongs skuld leia raseriet til oksen bort frå den distraherande og plagsame muletaen. Å setja busetnadene i sentrum er ei villeiing. Kva tid som helst kan du, jamvel i jødiskkontrollerte aviser som Haaretz eller New York Times, få på prent kritikk av dei ulovlege busetnadene – om du stoggar med det. Men det er ein mann bak det raude kledet. Og det er folk som har sendt han for å slåss med oksen. Matadoren er staten Israel. Ingen busetnad ville overleva ein dag utan den israelske krigsmaskina bak seg. Når dei innfødde innbyggjarane i Hebron vert stengde inne i heimane sine i månadsvis, vert portforbodet handheva av den israelske hæren, ikkje av dei fire hundre jødiske busetjarane. Men det er ein ting til: Det er ein mann i Sombraseksjonen som har makt over matadoren. Israel ville ikkje vore i stand til å utføra slike valdsdådar utan stønad frå utlandet.

Maxim Rodinson, ein kjend fransk marxist og ein av Muhammeds biografar, definerte Israel som “ein settlerstat” – ein koloni. Men alle settlarstatar har eit moderland, ei kjelde til ytre makt. Fransk Algerie vart busett og støtta av Frankrike. USA var ein settlarstat, med England som moderland. Kva slags ytre makt er det som støttar Israel? Kvar er moderlandet? Det er ikkje USA. Det er konstellasjonen av viktige jødiske samfunn med det amerikanske, jødiske samfunnet som det viktigaste.

Dei sender pengar og organiserer offentleg stønad og dei har innverknad på politikken til staten Israel. Dei er synleg meir haukar enn Sharons Likud. Den angerlause “Rabbi” Kahane er truleg av dei som står nærast hjartet til Israels støttespelarar i USA. Tendensen til at jødar i andre land er “meir israelske enn israelarane” vart godt skildra av Uri Avneri, og har mange årsaker. Her vil eg berre nemna ei: Dei får ingen slag tilbake på grunn av det dei gjer. Dei sit i skuggen og sender matadoren ut for å slåss.

Dei som sender israelske troppar for å stramma inn innringinga av Hebron og andre palestinske byar, lever fredelege liv i New York eller Los Angeles, ser på TV og legg press på kongressmennene sine for å stø nedslaktinga. Desse folka, som vil ha fleire krigsbrotsverk mot palestinarane, har ingenting å vera redde for. Det er kanskje på tid å leia noko av bråket mot dei. Krigar har ingen ende så lenge dei viktigaste aktørane lever i fred. Michael L. Calderon minna oss nyleg om dette: “Franskmennene, amerikanarane og dei kvite sørafrikanarane gav ikkje opp posisjonen sin i Algerie, Indokina, Namibia og Angola på grunn av eit kollektivt “meiningsskifte”. Alle desse sigrane vart vunne på to frontar. Den eine var fronten med faktisk krigføring – og folka i Algerie, Vietnam, Angola og Cuba bar vekta av ofra her. Men den andre fronten var det internasjonale presset og innanlandsk protest.

Den andre fronten i krigen for Palestina burde opnast no, og vi bør vita kven vi skal pressa, kven vi skal protestera mot. Etter mi meining peikar flasketuten på dei sjølvutnemndte leiarane for dei organiserte jødiske samfunna – Bronfman, Foxman, Sulzberger og liknande folk. Dei er samvitslause og mektige menn, og eg kan forstå at mange av venene til Palestina ynskjer å sjå etter mindre formidable fiendar, slike som busetjarane i Hebron. Men det er like nyttelaust som å sjå etter ein mynt du har mist under gateljoset, berre av di det er der du har ljos til å sjå. Ein må sjå etter mynten der ein mist han, jamvel om det er vanskeleg.

Det har vorte ei oppgåve av fyrste rang å konfrontera dei individuelle leiarane av det jødiske samfunnet i USA. Kvifor har ikkje dette vorte gjort før? Det er framleis ein sterk tendens til å ikkje gje desse leiarane skulda for den palestinske tragedien, og i staden forklara det heile som “amerikansk, imperialistisk politikk”. Til og med ein stor ven av Palestina som Noam Chomsky, som eg verdset over grensa til idoldyrking, deler dette synet. Han sa nyleg på ei førelesing på MIT at den jødiske lobbyen ikkje er årsaken til den pro-israelske politikken til USA, men interessene til dei amerikanske elitane. Amicus Plato, magis amica veritas. Eg er nøydd til å seia meg usamd. Mange gode menn deler synspunktet hans, alle ærlege støttespelarar for palestinarane. Dei siterer til vanleg “Det lagnadstunge trianglet”, eit klassisk arbeid av Noam Chomsky, eller uttrykkjer dette på liknande vis, slik den flotte Dr. Gabor Mate. Han skreiv til meg: “Bronfman og kollegaene hans gjer sitt beste for å forvirra og føra vill publikum – jødar eller ikkje-jødar. Men jamvel dei er småtteri samanlikna med dei verkelege amerikanske interessene bak den amerikanske politikken. Det er snakk om dei strategiske interessene for staten til dei amerikanske storselskapa. Dei vil ha ein lydig pitbull i Midtausten, med atomvåpen og tilstrekkjeleg nervøs til å springa i strupen på arabarane på kommando om det skulle verta naudsynt. Ein slik stat må ogå vera tilstrekkjeleg avhengig slik at ein kan gje han kort lenkje når det er naudsynt. Som ein tenestemann i det amerikanske utanriksdepartementet sa for nokre år sidan: I Israel har vi eit hangarskip i Midtausten som det er uråd å søkkja.”

Går du nøye inn på desse argumenta, ramlar dei saman som korthus. Jamvel i krig landar ikkje amerikanske fly på dette “hangarskipet”. Dei har basar andre stader som Saudi Arabia og Tyrkia. Kypros vart ein gong kalla “eit hangarskip som ikkje søkk”, men vart gjeve opp med lett hjarte. Ein bør ikkje snakka for høgt om kor lydig pitbullen er, slik som våpenleveransane til Kina prova. Det er sterk tvil om Israel er ein påliteleg alliert. Faktisk snakkar mange israelske leiarar om ein annan mogleg allianse: Russland og det rike og mektige jødiske samfunnet i Russland, av di USA er i ferd med å gjera lenkja for kort etter deira meining.

Nokre forklarar den amerikanske politikken med oljeinteresser. No er det tilfeldigvis ikkje olje i Palestina, og svært lite i grannelanda. Eg ville ikkje rå nokon til å planleggja israelsk invasjon i Saudi Arabia eller Iran for å tryggja dei amerikanske oljeinteressene – det ville få heile Midtausten til å gå i lufta.

Heile ideen om at Israel er ein “lokal forpost” held altså ikkje vatn. Eg veit ikkje om eit einaste amerikansk selskap som ikkje ville koma betre frå til dømes ein allianse med Tyrkia i staden for Israel. Slik ein palestinsk samfunnsforskar skreiv: “Tyrkia ville til dømes vore ei betre investering, som ei meir normal regional makt som kan stø amerikansk politikk i området. Dette ville ikkje eingong kosta halvparten av det støtten til Israel kostar. Som eit muslimsk land kunne Tyrkia hatt større legitimitet for å ha hegemoni over “dei veike arabiske landa”. I tillegg var Tyrkia den tradisjonelle stormakta i området fram til 1917, landet har den største og sterkaste hæren og er fullstendig pro-USA og pro-vestleg. Med andre ord er konseptet med Israel som ein servil tenar for amerikansk imperialisme ein idé som ikkje held.

Edward Herman, som skreiv “Å fabrikkera semje” saman med Chomsky, tenkjer på same viset. “Den jødiske lobbyen er ekstremt viktig”. Eg skreiv litt om dette, og fekk kritikk frå mange folk på venstresida som argumenterte med at lobbyen var mindre viktig enn dei strategiske interessene til USA i Midtausten. Men eg har alltid hatt eit inntrykk av at lobbyen var minst like viktig. Heldigvis for lobbyen har deira interesser og dei strategiske interessene ikkje kollidert ope.

Måten ein kan konfrontera den sjølvutnemnde jødiske leiarskapen på kan vera direkte, kreativ og sjølvsagt ikkje-valdeleg. Eit godt døme fekk vi frå Berkeleystudentane. Dei bygde to portar inn til universitetsområdet, ein for jødar og ein for ikkje-jødar, for å gje amerikanarane ein smak av israelske “vegar berre for jødar”. Eg kan tilrå jordhaugar på innkøyrsla til herr Bronfmann og herr Foxman. Som gode jødar fylgjer dei sjølvsagt regelen til Hillel den gamle, og gjer ikkje mot andre ting dei ikkje ville lika å oppleva sjølve. Av di dei støttar blokkering av palestinske vegar, vil dei sikkert lika å verta utsett for det same sjølve. Ein annan ting etter same regel: I og med at dei stør illegale busetjingar ville dei utan tvil lika om bra folk slo seg til på eigedomane deira.

Eg trur slike sit-ins ville vera artige, og dei ville få med seg mange gode amerikanarar av jødisk bakgrunn. Det var fedrene deira som protesterte mot kvit rasisme i sørstatane, og no kan sønene protestera mot jødisk rasisme i Palestina, utan å måtta reisa ut av byen. I staden for keisame demonstrasjonar utanfor føderale kontorbygningar, i staden for fårlege møte med israelske soldatar i høgdene kring al-Khadr, kunne “ikkje i mitt namn”-folka, Rabbiar for menneskerettar og andre leia kampen mot den verkelege støttespelaren, heime i det gode gamle USA. Dei burde gjera dette i samarbeid med andre amerikanske aktivistar, irekna palestinske flyktningar.

Eit slikt eksperiment ville gje svar på spørsmålet om kva makt den jødiske lobbyen har over amerikansk politikk og hendingane i Palestina. Eg trur dette kunne ha stor effekt om ein greidde leggja verkeleg press på herr Bronfman og hans superrike vener på Sombratribunen for å gjera slutt på deira anti-palestinske engasjement. Kanskje ville dei signalisera til matadoren at han skulle senda oksen tilbake til kyrne sine i staden for til slaktebenken.

Ein slik konfrontasjon ville også hjelpa vanlege amerikanarar av jødisk bakgrunn med å slåss mot sin sjølvutnemnde leiarskap. Kvifor er det på tide å gå laus på desse “leiarane”? Vel, ein grunn er at Bronfman og kompisane hans har putta milliardar av dollar skvisa frå sveitsiske bankar i eigne lommar, i staden for å gje dei til overlevande frå holocaust. Det vil vera emnet i den neste artikkelen min.

Featured Posts
Evan El-Amin  /  Shutterstock.com

Les guerres de genre de H. Clinton

Est-ce que les hommes qui votent pour H. Clinton vont finir en enfer ? Je n'en suis pas sûr. Nous savons ...

Read More

If They Are Bombed - They Are Daesh

President Putin is a pirate, no less. In his declaration at the UN, he stole President Bush Jr’s copyrighted 2001 ...

Read More

A Syrian Breakthrough

The Russians and their Syrian allies have cut the main supply line of the rebels to the north of Aleppo, ...

Read More

The Liberation of the Slaves

Donald Trump’s electoral victory unleashed pent-up tectonic energies on the unprecedented scale. The world has been changed, much more than ...

Read More

Ryan Rodrick Beiler / Shutterstock.com

Autumn in Palestine

Autumn is beautiful in Palestine: overripe blue-green figs, unpicked pomegranates pecked by birds, heavy grapes turn red. Now is the ...

Read More

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Israel Shamir © 2016 Frontier Theme