Israel Shamir

The Fighting Optimist

Jomfruer og krigarar

Det er ikkje spesielt morosamt å vera muslim i vesten for tida. Sjølv om du berre blir tatt for å vera muslim. Eg kjente det på mitt eige skinn då eg flaug til USA. Sidan eg er ein mann frå middelhavsområdet med stor bart, vart eg spurt av tollfunksjonæren om eg las mykje i Koranen. Eit tyggegummipapir med ein teikneserie på vart teke for å vera ein instruksjon om å be ombord på flyet, kan henda påkalla Allahu Akbar og gå til åtak på mannskapet. ”De har ikkje noko godt i sinne”, konkluderte han. Eg vart halde igjen. Våre palestinske brør og me israelarar ser nokså like ut, eg har ofte vorte tatt for å vera palestinar av båe sider. Men eg hadde ikkje trudd at den amerikanske passkontrollen skulle fungera som det israelske grensepolitiet.

Skal eg berre seia ”eg er ikkje muslim” kom det for meg. Men det kjentes ikkje rett. I 1940, i det okkuperte Danmark, gav tyskarane ordre om at alle jødar skulle bera den gule davidsstjerna. Den danske kongen bar ei slik stjerne som teikn på solidaritet med sine jødiske undersåttar. Skulle eg svikta i denne testen på vanleg menneskeleg fellesskap og proklamere min ikkje-muslimske kosherbakgrunn? Det kjentes som å ofra ein muslim i min stad. Eg freista med eit kompromiss: ”Eg les ikkje ofte i Koranen”, sa eg. Tolloffiseren Gomez, ein stor, mørk mann, skifta ikkje meining. ”Men du les Koranen?” ”No og då” freista eg igjen.

Dette unnfallande svaret førte til at han vart sikker på at han hadde gjennomskoda meg. Eg vart kroppsvisitert, skjellt ut, kvar einaste ting i bagasjen min vart sjekka og dobbeltsjekka.

Den personlege fornærminga gjorde ikkje så mykje. I Tolstoys ”Krig og fred” avviste ein fransk soldat i det okkuperte Moskva den russiske adelsmannen Pierre Bezuchov. ”Soldaten stogga mi udøydelege sjel”, tenkte Bezuchov og lo. Frans av Assisi fann enno større glede i å bli nekta å få koma inn i eit kloster ein mørk, regnfull kveld. ”Litt audmykjing er godt for sjela”, forklarte han kameraten St Bernhard.

Det var meir uroande å sjå islam som den tiltalte i jødisk-amerikansk kultur. I amerikanske avisar og på internet er hemngjerrige teologiske debattar igjen på moten etter hundre års pause – like subtile som nokon gong. Sjølv gode vener av muslimar har byrja å tvila etter at den kraftige hjernevaskemaskina byrja produsera sitt hatefulle produkt. Islam blir skulda for å vera trua på Jihad, den permanente krigen mot vantru. Islam blir skulda for intoleranse og vondskap, for å vera det teologiske fundamentet for terrorisme. Og skuldingane gjeld ikkje berre politiske usemjer.

Dei halvalfabetiserte krossfararane på ellevehundretalet skulda muslimane for å ha orgiar framfor heilagdomen sin, Baphomet (truleg eit misforstått namn på profeten). Det siste frontalåtaket på Islam i det amerikanske offentlege rommet har også seksuelle overtonar. Apellar om å bomba Afghanistan, Irak, Syria og Palestina flatt inneheld vanlegvis fordøming av profeten sine seksuelle preferansar og lause påstandar om at muslimar mishandlar sine kvinner.

II

Kjærleiken mellom profeten og hans yngste kone, Aisha, fører til mykje otte i Amerika nesten femti år etter at den amerikanske høgsteretten fjerna forbodet mot Vladimir Nabokovs lovsong til kjærleiken til mindreårige, Lolita. For anklagarane har det ikkje noko å seia at Muhammed, fred vere med han, var forelska i jenta, og ho i han. Dei veit betre kva som er godt for alle. Om profeten hadde valt ein gut på Aishas alder kunne vel frykten for å stå fram som homofob dempa slaga litt. Men profeten var ein mann med katolsk smak.

Som middels lærd i Talmud frå Jaffa, vil eg reisa meg til profetens forsvar i namnet til våre jødiske tradisjonar. Langt frå å vera ein syndar, handla Muhammed (fred vere med han) i samsvar med ånda og bokstaven i vår heilage tru. Den bibelske Jacob vart forelska i Rakel, 7, og vart far til ei rekke av helgenar inkludert Maria, mor til Kristus.

Talmud fastset den lovlege alderen for giftemål for jenter til tre år og ein dag. I Talmud finn vi ein dialog som er Boccacio verdig, og som skriv seg frå Seforis i Galilea. Den romerske prinsessa Justine, dotter til keisaren Sever Antonson, spurde rabbi prins Juda, den største andelege og juridiske autoriteten for jødar i etterbibelsk tid, kva som var lovleg alder for giftarmål og sambuarskap.

-Tre år og ein dag, svarte rabbien.

-Kva er alderen for å bli med barn, spurde prinsessa?

– Ni år, svarte han.

– Eg vart gift seks år gamal, og fødde barn som sjuåring, tenkte ho høgt med anger i røysta, – så eg kasta bort tre strålande år av mitt unge liv!

Muhammeds kone, Aisha, kasta bort seks år av sitt unge liv, sidan ho gifta seg fyrst som niåring. Slik synte profeten sin store visdom, også det heilt i samsvar med vår jødiske lærdom. Dei heilage rabbiane tillot tidleg giftarmål, men dei var ikkje heilt sikre på at tre års gamle jenter var tilstrekkeleg mogne. Difor lærde dei: Proselyttar og pedofile dreg ut tida til Messias og det himmelske kongedømet kjem.

Kven er dei pedofile i denne samanhengen, spurde Talmud. Dei er personar som handlar tvilsamt, men likevel innanfor lova. Det er såleis ikkje tale om sodomittar (sidan dei fortener dauden ved steining) eller onanistar (som bør druknast). Det er dei som giftar seg med jenter før den fruktbare alderen på ni. Slik er profeten heva over mistanke etter jødisk lov.

Men han hadde jo ein del koner, held anklagarane fram. Vel, den jødiske lova tillet oss å ha så mange koner som vi kan få tak i. I dag må ein muslim avgrensa seg til fire koner i denne verda, medan me jødar ikkje har slike restriksjonar.

Den visstnok barbariske muslimske skikken med at kvinner skal bera slør og  halda seg borte frå ein framand sitt svoltne blikk uroar anklagarane. Ein uinformert lesar av Washington Post kunne tru at USA gjekk til åtak på Afghanistan for å bomba vekk sløret. Som den første frukta av amerikansk siger i Afghanistan synte CNN sal av porno i vakre Kabul.

Nok ein gong står jødisk lov på talibans side. Ein av vismennene i Talmud, rabbi Isaac, lærde: Om du ser på veslefingeren til ei kvinne, er det som du såg på det-du-veit! Rabbi Hisda sa trist at ein kvinnelegg ogso er litt av ei freisting. Rabbi Sheshet overbaud  han, og minna om at håret til ei kvinne også er ei seksuell freisting. Det er difor rettruande jødiske kvinner løyner håret. Og meisteren av eit dygdsmønster, Samuel, baud over dei alle då han sa at røysta til ei kvinne er ei seksuell freisting, sidan den heilage skrifta seier at ”søt er røysta di”. Konklusjonen på ordskiftet vart regelen kvod bat ha-melech pnima, som tyder at gode jødiske kvinner skal halda seg innandørs.

III

Fiendar av islam ville aldri tore å gå til åtak på vår jødiske tru sjølv om alt det dei seier dei misliker i islam kan finnast att i jødedomen. Det gjeld ikkje berre i seksuelle spørsmål. Jihad er berre ei arabisk omsetjing av den jødiske milhemet mitzva, den påbodne krig. Men under jihad har ein ikkje lov til å drepa sivile, medan ein i milhemet mitzvah er forplikta til å gjera det. Berre slå opp i Mosebøkene og du finn det der utan å anstrenga deg. Bodberaren, fred vere med han, mildna bodskapen.

 

Om du synest islam er intolerant, la meg sitera frå ei historie skriven av ”den perfekte vismannen og framifrå medisinske doktoren R. Samuel Sholem i Konstantinopel, hovudstaden til den store kongen, vår herskar, den mektige Sultan Suleiman” om rabbi Gaon Isaac Campanton (d 1463), øvste rabbi i det kastillianske samfunnet, det mest opplyste jødiske samfunnet nokon gong. Han skriv: ”Den store rabbien, den ærefulle R. Isaac Campanton brente rabbi Samuel Sarsa på ein påle. Eingong rabbiane samla seg for å kunngjera ein giftemålskontrakt las dei ”det og det året etter skapinga av verda”. Rabbi Sarsa la handa på skjegget sitt og mumla noko om at verda hadde eksistert evig. Då reiste rabbi Campanton seg og proklamerte: ”Kvifor er ikkje buska blitt oske? La buska brenna!” Dei dømde han til dauden på bålet avdi han fornekta skapinga av verda for 5000 år sidan, og brente han på pålen.”

Om du trur islam er årsaken til muslimsk terrorisme, er vel jødedomen årsaken til jødisk terrorisme. Til no har muslimane lukkast med attentat på ein israelsk minister. Då jødane dreiv privat verksemd (utan nokon stat) i terror, drap dei helgenaktige forfedrane mine to russiske tsarar og ein heil hop med ministrar, ambassadørar og statsmenn frå Storbritannia, Tyskland, Sverige Russland og arabiske land. Sjølv ikkje i dag har nokon kome i nærleiken av dei standarane for terror som jødane sette, og som byrg jøde nektar eg både muslimar og alle andre denne æra.

I USA kan ikkje jødar gjera noko gale, og alle som trur noko anna er antisemittar. Ved å prova det jødiske opphavet til dei påståtte skavankane til islam, har eg såleis prova at alle islamhatarane er antisemittar og truleg skap-Holocaustfornektarar. Alle som tvilar kan slå opp i Washington Post 27 november. Underleiaren til ex-CIAsjefen James Woolsey syner fram eit klårgjerande bilete av den bestialske og demoniske semitt, ein mørkhuda villmann med store lepper. Naziavisa Der Sturmer ville likt dette. I Woolsey sin artikkel med det Orwellinspirerte namnet ”Objektivt demokrati” krev han at ein ”tar ut det irakiske luftforsvaret og råkar dei irakiske bakkestyrkane, slik ein gjorde i Afghanistan.”

 

Den store russiske dramatikaren Anton Tsjekov (han med måsen) forklarte lova for sceneeffekter: Om det heng eit skytevåpen på veggen i fyrste akt, vil det gå av i tredje akt. Livet minner om teateret, eller som Shakespeare sa: Denne verda er berre ei stor scene. Det antisemittiske skytevåpenet gjekk av som venta, men ikkje mot dei verkelege semittane, arabarane. Paradoksalt nok er det mellom dei nye antisemittane mange med jødiske namn, eller folk som er kjende for å støtta jødane. Korleis kan dette ha seg?

 

Det fører oss tilbake til ordtaka til våre gamle vismenn, om pedofile og proselyttar. Jødisk tru er ekstremt mistenksam til proselyttar. Dei er som skabb på Israels hovud, lærde rabbi Helbo, og moderne røynsler stadfester den lærde meininga hans. Jødedom er for komplisert til å kunne lærast i mogen alder. Folk som var fødde og oppdregne som religiøse jødar vart vande med å vera det utvalde folket, men nyomvende blir svimle av tanken.

 

Det er slett ikkje så rart. Den verkelege engelske aristokraten Tony Benn stør rettane til vanlege folk, medan den nyslåtte oppkomlingen Conrad Black stør undertrykkinga av både europearar og muslimar i sine talrike avisar. Nokre av dei verste rasistane i Hebron, denne frontlina for israelsk apartheid, er faktisk proselyttar som tok nokre fårlege bibelske idear litt for bokstaveleg. Berre sjå på den omvendte amerikanske heidningen og nazisten som tok namnet Eli Hazeev (ulven) som vart drepen av palestinske geriljasoldatar.  Eller for den del plageånden i cyberrommet, Dr Andrew Mathis som konverterte og byrja forsvara sin versjon av jødedom på ulike internettstader.

 

Ein lesar sende meg eit urovekkande brev: ”Søstra mi konverterte til jødedom for nokre år sidan (sjølv om me var kvite, anglosaksiske protestantar) og har no gått over grensa. I går kveld då eg ba henne stogga niggerisering av arabarar lenge nok til å nemna berre eitt døme – kva tid som helst i historia – då Israel gjorde noko gale (eg peikte på at fred er umogleg når ein av partane meiner dei sjølve er totalt plettfrie, medan motsett sida tek feil i alt). Det beste ho kunne  koma på var ”utilsikta skadeverk” – utilsikta bombing av sivile når ein eigentleg meinte å ta eit legitimt mål. Syster mi er nokså aktiv i det jødiske samfunnet i St. Louis, og kan henda i posisjon til å gjera ein god del skade på dei sjansane som måtte vera for fred i verda.”

Jo, rabbi Helbo hadde gode grunnar til sin skepsis. Verkelege jødar visste at dei budde i ei verkeleg verd, og spara fantasiane sine til sabbaten. Dei var audmjuke, studerte Talmud og freista ikkje finna moderne parallellar til amalekittane eller den raude kviga. Dei freista heller ikkje å gjenerobra det heilage landet med makt eller tjuveri, eller preika hat mot heidningane. Dei visste at desse ideane skulle bli lagt urørte til sides som dei gøymde filane i Windows operativsystem. Dei er der av historiske grunnar og ein skal ikkje tukla med dei. Nyomvende manglar denne audmjuke haldninga.

Det er ikkje eit spørsmål om rase: Nyomvende, anten dei er jødiske eller heidningar av opphav, er like blinde for fornuft. Det er difor entusiastiske nykonservative i USA, heidenske ”Israel først”-folk som Jeanne Kirkpatrick og sekulære jødar som den vemmelege Podgoretz, læremeisteren hennar, ustoppeleg pressar på for å øydeleggja den islamske verda og forgifta medvitet til amerikanarane.

Islam er ein form for kristendom som står jødane særleg nært. Medan den austlege ortodokse kyrkja var prega av gresk kultur, og den katolske av den romerske verda, tok islam dei kristne ideane tilbake til det semittiske miljøet. Profeten – fred vere med han – heldt fast ved den jødiske tanken om streng monoteisme, frykt for avbildningar og ei haldning der kvinner skulle vernast. Han heldt på dette samstundes som han overtok den universelle bodskapen til Kristus og apostlane hans. Dei feige fiendane til islam baktalar dette, avdi dei er redde for den ukuelege anden til islam, motet til dei muslimske krigarane og den upletta dygda til dei muslimske kvinnene.

Featured Posts

The Liberation of the Slaves

Donald Trump’s electoral victory unleashed pent-up tectonic energies on the unprecedented scale. The world has been changed, much more than ...

Read More

Evan El-Amin  /  Shutterstock.com

Les guerres de genre de H. Clinton

Est-ce que les hommes qui votent pour H. Clinton vont finir en enfer ? Je n'en suis pas sûr. Nous savons ...

Read More

Ryan Rodrick Beiler / Shutterstock.com

Autumn in Palestine

Autumn is beautiful in Palestine: overripe blue-green figs, unpicked pomegranates pecked by birds, heavy grapes turn red. Now is the ...

Read More

A Syrian Breakthrough

The Russians and their Syrian allies have cut the main supply line of the rebels to the north of Aleppo, ...

Read More

If They Are Bombed - They Are Daesh

President Putin is a pirate, no less. In his declaration at the UN, he stole President Bush Jr’s copyrighted 2001 ...

Read More

Leave a Reply

Israel Shamir © 2016 Frontier Theme