Israel Shamir

Ideas that will Derail the descent to Barbarity

Konvoi til Betlehem

Det heilage landet kan ikkje delast, det burde verta bygt i fellesskap av alle, som likemenn. Stridsvognene må bort, saman med den kunstige grensa mellom Israel og Palestina.

Ein ny Audi, klemt flat som ei tom sigarettpakke i oskebegeret til ein nervøs kjederøykar, ynskte oss velkomen då vi kom til Betlehem. Også andre bilar var klemte til flate stykke av glas og stål. Israelske tanksmannskap elskar å øydeleggja bilar og søppelkasser slik alle rabbagastar gjer. Små ungar bøygde seg ned på hjørnet og leikte oppslukt med brukte patronar, for å nytta den bråe pausa i kampane så godt som råd. I Betlehem var det stille for fyrste gang sidan laurdag 20 oktober, då israelske Merkaba-stridsvogner trilla inn i Kristus by for å realisera Sharons yndlingsprosjekt – å okkupera Palestina på ny.
Det vart stille då ein ny styrke kom til området: Dei kristne i Jerusalem kom for å letta på presset på naboane sine. Det var eit vent syn, det minte om krosstoga då solidaritetskonvoyen leidd av biskopar og prestar av alle trusretningar – katolikkar, ortodokse og muslimar – berande på kross og faner braut den kvelande omringinga til dei israelske styrkane og gjekk oppover dei øydelagde gatene mot Fødselskyrkja. Motsett “krosstoget” til Bush i Afghanistan, vart dette krosstoget motteke med glede av både kristne og muslimar, av di dei ikkje kranglar i desse samanvovne samfunna. Vi gjekk utom det nedbrente Paradis Hotell (det hadde fått ein direkte treff), framom tvikroka kraftlinestolpar, såg bilete av unge gutar og jenter drepne av israelske skarpskyttarar medan folket kom ut or gøymestadene sine for å delta i prosesjonen.

Fødselskyrkja
Dei israelske stridsvognene forlét hovudgatene og kraup tilbake i hia sine, lik dragar som hadde vorte uroa ved byttet. På vegen møtte eg mange gamle vener, lokale handelsmenn og guidar. Dei var nokså fortvilte: “Slik det er no medan denne krigen rasar, er det ingen turistar, ingen inntekter og inga von. Jerusalem og Betlehem står saman, og vil falla saman”. Betlehem er mesta ein drabantby til Jerusalem. Eg har ofte brukt å ta med meg turistar og pilegrimar til denne borgarlege byen med romslege villaer, svære souvernirbutikkar, store gresk-palestinske familiar, søte nonner, turistflokkar og dei mange innflyttarane. Byen har blømt på grunn av Fødselskyrkja, den flotte heilagdomen frå den justinianske tidsepoken og den eldste attverande bygningen i Palestina.

På plassen framfor kyrkja, krybbetorget, var det fullt av lokale folk som nytta høvet til å gleda seg over solskinet etter dagar i skjul. Sist sundag drap ein israelsk skarpskyttar ein 16 år gamal gut frå nabolaget, Johnny Thaljieh, på kyrkjetrappa. Dei mjuke andletsdraga hans ser på oss frå plakatar prenta i all hast. Dette kvartalet vart bygt opp att av dei palestinske styresmaktene i italiensk stil for berre to år sidan til festen i samband med tusenårsskiftet, medan plassen i tida med israelsk direktestyre var ein lite innbydande parkeringsplass for grensepoliti og turistbussar.

Inne i kyrkja, mellom prestane og lekfolket, såg eg ein høg amerikanar med krøllut hår og eit eksotisk hovudplagg. Det var rabbi Jeremy Milgrom frå “Rabbiar for menneskerettar”. “Eg trudde eg var den einaste jøden her”, sa han. “Eg er viss på at tusenvis av israelarar ville ha kome om dei berre visste kva som skjedde her”. Og det er sant at israelsk TV, truverdig som Stalin sine media, dempa inntrykket av invasjon og i staden sendte fredfyllte bilete av venlege stridsvogner i stille gater. Likevel: Førre kveld var det i Jerusalem eit stort, jødisk demonstrasjonstog som kravde at alle ikkje-jødar skulle utvisast frå det heilage landet. Israelsk TV kunne fredagen før invasjonen fortelja at to tredelar av dei israelske jødane stør ei slik dødeleg løysing. Likevel står alle fritt til å velja, og rabbi Milgrom valde ein jødedom som er til å leva med. Eg var glad for å sjå han: Gud veit at dette Sodoma treng berre nokre få rettferdige menn.

Gravskjending
I kyrkja var det treffmerke etter kuler: Israelske tankmannskap brukar Kristi krybbe som treningsmål for sine tunge maskingevær. Det minte meg om William Dalryples “forvitnelege, effektive og imponerande” bok (Financial Times), Frå det heilage fjell, om ei bylgje av åtak på kyrkjeeigedom i Israel. Ei kyrkje i Jerusalem, eit baptistkapell og ein kristen bokhandel hadde vorte brent ned til grunnen, og nokon hadde prøvt å setja fyr på den anglikanske kyrkja i vest-Jerusalem og Ramallah og to kyrkjer i Acre. Den protestantiske gravlunden på Sionfjellet var utsett for gravskjending åtte gonger.

Han kunne lagt til historia om Daniel Koren, ein israelsk soldat som pulveriserte ikonet av Kristus og jomfrua i St. Antonskyrkja i Jaffa med kuler. Dalrymple nemner framferda til Likud-borgarmeisteren i Jerusalem, Ehud Olmert, som øydela dei nyoppdaga kristne klostra og kyrkjene i Jerusalem for å viska ut minnet om det kristne nærværet i det heilage landet, det var den same borgarmeister Olmert som reiv ned tre nye palestinske heimar medan vi gjekk gjennom gatene i Betlehem.

I grotta der Kristus vart fødd brann nokre lys, og ein palestinsk familie bad stille til stjerna, slik deira forfedre gjorde under den grufulle forgjengaren til Sharon, kong Herodes den store. Eg tenkte på det underlege samantreffet i at denne invasjonen byrja medan det amerikanske luftvåpenet legg afghanske byar i grus. Tydelegvis fann regjeringa åt Sharon ut at dei amerikanske krigshandlingane i Afghanistan var eit godt dekke for å erobra Palestina. For ein tjuv er krigstider berre ei fin tid for å stela. Medan augo våre ser mot ørkenane på andre sida av Oxuselva, medan USA er vettskremt av kvitt pulver i ein konvolutt, medan humanitære organisasjonar fortviler av massane med sveltande afghanarar og medan dei Anglo-Amerikanske flåtestyrkane blokkerer ei mogleg hjelp frå Irak eller Syria, grafsar Israel til seg resten av Palestina og viskar ut minnet om Kristus frå fødelandet hans.

Arabarhat
Sharons støttespelarar i amerikanske massemedia hjelpte han med den aukande bylgja av arabarhat og vanleg rasistisk prat. “Osama bin Ladens tjuvaktige, glatte semittiske andletsdrag lyste frå alle nyhendemeldingar, i ein dårleg løynd apell til rasismen hjå dei amerikanske sjåarane. Dr. Josef Goebbels kunne ikkje gjort det betre”, rapporterte den britiske historikaren David Irving frå USA. Han burde vita – han er Goebbels biograf.
President Bush kravde at israelske styrkar skulle draga seg tilbake med ein gong. Han gjorde det med sotto voce, og gøymde “det vert ikkje snakk om nokon diskusjon” replikken til afghanarane. Vi får no sjå korleis det vert til slutt, om bjeffet vert fylgt av eit bitt. I den hysterisk morosame romanen til P G Woodhouse, “Ei jomfru i naud”, er det ein replikk som høver godt til president Bush: “Argumenta dine ser ut til å vera gode. Men kva så? Vi set pris på logikaren, men kva med handlingsmannen? Kva har du tenkt å gjera med dette?”
Etter den flotte kyrkja gjekk prosesjonen til Beth Jalla, ein systerby av Betlehem. Beth Jallas to sjukehus vart skotne på med artilleri, og ti folk vart drepne av den omsynslause israelske elden. Familiane som vart råka stod på kyrkjegarden. Dei bar portrettar av sine daude og mottok kondolansar. Særleg rørande var venleiken til Rania Elias, ei 20 år gamal jente drepen av ein israelsk granat i sitt eige soverom. På portrettet sat ho i ein kvit brurekjole, den same kjolen som ho vart gravlagd i.

Likemenn
Beth Jalla er eit trist syn, men byen nektar å bøya seg. På gatene stod unge menn med kalasjnikovar. C´est la Tanzim, folkets milits, forklarte ein prest til sin ven. Staute unge Tanzimgutar med beretar minte meg om Fidels unge barbudos, som om den palestinske revolusjonen fekk att pusten litt. Medan konvoien forlét byen byrja stridsvognene å køyra inn, og knatringa til dei lette våpna fyllte lufta over tvillingbyane.
Ein stor, mørkhuda orientalsk jødisk drosjesåfør plukka meg opp ved kontrollpunktet. Det svære rattet på Mercedesen hans snurra rundt som eit leiketøy i dei store hendene hans. Han såg ut som tvillingen til ein stor Tanzim-geriljasoldat eg såg femten minutt og eit par hundre meter unna i Aida flyktningeleir. “Eg har levt heile livet mitt saman med arabarar, sa han. Kona mi seier eg er arabar i hjartet. Vi burde leva saman i fred. Slik det er med denne krigen kjem det ingen turistar, ingen inntekter og ikkje noka von. Jerusalem og Betlehem står saman, og fell saman.”

Joda, trass i all den offisielle hjernevaskinga på begge sider av lina, er det forståing for situasjonen. Det heilage landet kan ikkje delast, det burde verta bygt i fellesskap av alle, som likemenn. Det er nok plass til å be, leika, dyrka oliven, skriva dataprogram og guida turistar. Stridsvognene må bort, saman med den kunstige grensa mellom Israel og Palestina.

Omsett av Hans Olav Brendberg og Ingar Arnøy

Featured Posts

The Liberation of the Slaves

Donald Trump’s electoral victory unleashed pent-up tectonic energies on the unprecedented scale. The world has been changed, much more than ...

Read More

Evan El-Amin  /  Shutterstock.com

Les guerres de genre de H. Clinton

Est-ce que les hommes qui votent pour H. Clinton vont finir en enfer ? Je n'en suis pas sûr. Nous savons ...

Read More

A Syrian Breakthrough

The Russians and their Syrian allies have cut the main supply line of the rebels to the north of Aleppo, ...

Read More

Ryan Rodrick Beiler / Shutterstock.com

Autumn in Palestine

Autumn is beautiful in Palestine: overripe blue-green figs, unpicked pomegranates pecked by birds, heavy grapes turn red. Now is the ...

Read More

If They Are Bombed - They Are Daesh

President Putin is a pirate, no less. In his declaration at the UN, he stole President Bush Jr’s copyrighted 2001 ...

Read More

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Israel Shamir © 2016 Frontier Theme