Israel Shamir

The Fighting Optimist

Mamilladammen

Ting skjer fort for tida. For berre nokre månader sidan torde me knapt kalla den israelske politikken med offisiell diskriminering av palestinarane med det harske ordet “apartheid”. I dag, medan Sharons stridsvognar og rakettar råkar forsvarslause byar og landsbyar, er ordet utilstrekkjeleg. Det har vorte ei grunnlaus krenkjing av dei kvite rasistane i Sør-Afrika. Trass alt brukte dei ikkje kanonbåtar og stridsvognar mot dei innfødde, dei sette ikkje Soweto under militær eld. Dei nekta ikkje for at kaffirane deira var menneske. Dei jødiske rasistane har gått lengre enn dei. Dei har som med ein tryllestav ført oss tilbake til verda til Josva og Saul.

Medan leitinga etter det rette ordet held fram har den modige Robert Fisk gjort framlegg om å kalla det som skjer i Palestina ein “borgarkrig”. Men er dette borgarkrig, då er det som skjer med lammet på slaktebenken tyrefekting. Skilnaden i makt er for stor. Nei, Virginia, det er ikkje “borgarkrig”, det er eit snikande folkemord.

Dette er tidspunktet i soga vår, då ein rettskaffen jøde bør veifta med handduken, ta ordet og seia: “korleis kunne me, dei evige offer for forfylgjingar, gjera slike brotsverk!” Vel, ikkje hald pusten og vent på den replikken. Dette har skjedd før, og det kan skje igjen. Jødane er ikkje meir blodtørstige enn resten av manneætta. Men den galne ideen om å vera utvalde, ideen om å vera overlegne, same om det er på grunn av rase eller religion, er den drivande krafta bak folkemord. Om du trur Gud valde ut ditt folk til å styra verda, om du trur andre er undermenneske, vil du bli straffa av den same Gud som du utan verknad kallar på. I staden for å forvandla deg til ein koseleg frosk, vil han gjera deg til ein morderisk galning.

Då japanarane fekk eit utbrot av denne sjuka i tredveåra, valdtok dei Nanking og åt levra til fangane sine. Tyskarane, forheksa av det ariske overmenneskekomplekset, fylte Babi Jar med lik. Som tenkjande lesarar av Josva og Domarane prøvde pilegrimsfedrane i USA “utvald”-krona og lukkast nesten i å utrydda dei amerikanske urinnvånarane.

Jødane er ikkje noko unnatak. Utanfor Jaffaporten i Jerusalem (Bab al-Halil) var det eingong eit lite grannelag som heitte Mamilla – øydelagt av eigedomsutbyggjarar for berre få år sidan. På staden bygde dei ein monstrøs “landsby” for dei superrike, nært opp til det plysjkledde Hilton Hotell. Litt lenger borte er den gamle Mamillagravstaden til arabiske adelsmenn og Mamilladammen, eit vassreservoar grave ut av Pontius Pilatus. Medan dei heldt på med utbyggjinga kom arbeidarane over ei gravhole med hundrevis av hovudskallar og bein. Ved inngangen stod ein kross og desse orda: “Gud åleine kjenner namna deira”. Det bibelske, arkeologiske tidsskriftet, som vert gjeve ut av den jødiske amerikanaren Herschel Shanks, prenta ein lang artikkel av den israelske arkeologen Ronny Reich om denne oppdaginga.

Dei daude vart lagt der til evig kvile i år 614, det verste året i palestinsk soge før nittenhundretalet. Den skotske forskaren Adam Smith skreiv i si Historisk geografi for Palestina: “Heilt til våre dagar har dei forferdelege øydeleggjingane i 614 vore synlege i landet, dei kan ikkje rettast opp”.

I 614 hadde Palestina vorte del av den romerske etterfylgjarstaten, det bysantiske keisarriket. Det var eit velståande, for det meste kristent land med velutvikla jordbruk, velfungerande vatningssystem og forseggjorte terassar. Pilegrimar kom i flokkar til dei heilage stadene, og det heilage mausoleet og minnesmerket over himmelfarten på Oljeberget var mellom dei menneskeskapte undra i verda. I øydemarkene i Judea sytte åtti kloster for liv, der dei samla verdfulle manuskript og baud Herren bøner. Kyrkjefedrane, St Jerome av Betlehem og Origenes i Cæsarea var framleis levande minne.

Det var også eit lite, velståande jødisk samfunn mellom dei, for det meste i Tiberias på kysten av Gallilea. Deira lærde hadde nettopp gjort ferdig deira versjon av talmud, skriftfestinga av deira tru – rabbinsk jødedom. Men for lærdom søkte dei helst det jødiske samfunnet i det persiske Babylonia. I 614 allierte dei palestinske jødane seg med sine trusbrør i Babylonia og hjelpte persarane med erobringa av det heilage landet. I tida etter den persiske sigeren stod jødane bak eit massivt holocaust på heidningane i Palestina. Dei brende ned kyrkjene og klostra, drap munkar og prestar og brende bøker. Den vakre basilikaen vigd til fiskane og brødet i Tabgha, Himmelfartsminnet på Oljeberget, St Stefanskyrkja framfor Damaskusporten og den heilage Sionskyrkja på tempelfjellet er berre toppen av lista over øydelagde minnesmerke. Berre få kyrkjer stod att etter øydeleggjingane. Den store Laura av St Sabaskyrkja, bortgøymd i den botnlause Eldkløfta (Wadi an-Nar) vart berga av di ho låg så bortgøymd og utilgjengeleg til. Fødselskyrkja stod att som etter eit mirakel: Då jødane gav ordre om at ho skulle øydeleggjast nekta persarane. Dei trudde den magiske mosaikken over dørkvelvinga var eit portrett av persiske kongar.

Denne øydeleggjinga var likevel ikkje det verste brotsverket. Då Jerusalem overga seg til persarane, vart tusenvis av kristne krigsfangar førde til området kring Mamilladammen. Den israelske arkeologen Ronny Reich skriv: “Dei vart truleg selde til høgstbydande. I fylgje nokre kjelder vart dei kristne fangane kjøpt av jødar for å bli slakta ned på staden”. Eit augevitne, Strategius av St. Saba, var meir direkte: “Jødane betalte dei persiske soldatane store summar for å få krigsfangane, og slakta dei med stor glede ved Mamilladammen som vart raud av blod.” Jødane massakrerte 60 000 palestinske kristne berre i Jerusalem. På heile kloten budde det den gongen truleg ikring 50 millionar – ein hundredel av i dag. Nokre dagar etter forsto dei persiske kommandantane omfanget av massakrane og stogga jødane.

Det skal seiast til Ronny Reich sin forteneste at han ikkje freistar gje persarane skulda for massakrane, slik det vanlegvis vert gjort no for tida. Han vedgår at “persarriket var ikkje bygt på religiøs tru og var difor religiøst tolerant”. Denne eksemplariske mannen er heilt klårt uskikka til å skriva i New York Times. Korrespondenten til den avisa i Israel, Deborah Sonntag, ville ikkje hatt vanskar med å forsvara massakrane som “ein hemn frå jødisk side for det dei hadde lide under kristent styre”.

Dei kristne palestinarane sitt holocaust i 614 er veldokumentert og du vil finna det skildra i eldre bøker, til dømes dei tre binda av Runcimans Historia om krosstoga. Det har vorte sensurert ut av moderne guidebøker og historieverk. Det er synd, av di ein utan denne kunnskapen ikkje kan skjøna traktaten mellom Jerusalem og Kalif Omar ibn Kattab som vart slutta i året 638. I Sulh al Quds, som denne kapitulasjonstraktaten heiter, kravde patriarken Sofronius, noko den mektige herskaren godtok, at Omar skulle verna folket i Jerusalem frå dei grufulle jødane.

Etter den arabiske erobringa godtok eit fleirtal av palestinske jødar bodskapen til sendebodet, på same måte som fleirtalet av palestinske kristne, sjølv om grunnane var litt ulike. For dei lokale kristne var islam ein slags nestoriansk kristendom, men utan ikonar, utan innblanding frå Konstantinopel og utan grekarar (den greske dominansen i palestinske kyrkjer har vore eit problem for dei lokale kristne heilt opp til vår eiga tid).

For den vanlege, lokale jøden var islam ei tilbakevending til Abraham og Moses si tru, i og med dei ikkje kunne fylgja dei intrikate krokvegane til den nye babylonske trua lell. Fleirtalet av dei vart muslimar og blanda seg med resten av det palestinske folket. Islam si tiltrekkjingskraft på jødar stogga ikkje på sekshundretalet. Tusen år etter, på sekstenhundretalet, femnde ogso dei største andelege leiarane i det nyskipa sefardiske, jødiske samfunnet i Palestina, Sabbatai Zevi og Nathan frå Gaza, “nådens lov” som var deira namn på islam. Dei var etterfylgjarar etter den vidunderlege spanske, mystiske tradisjonen til Ari, helgenen av Safed Etterfylgjarane deira, kameratane til Atatürk, berga Tyrkia frå åtaka frå europeiske troppar under fyrste verdskrigen.

Moderne jødar har ingen grunn til å kjenna skuld for brotsverka til jødar som for lengst er daude. Ingen son er ansvarleg for syndene til far sin. Israel kunne ha gjort denne massegrava med sitt bysantiske kapell og mosaikkar til eit liten og meiningsfull minnestad for å minna borgarane om ei grufull tid i historia til landet og fårene ved folkemorderiske tankar om å vera overlegen. I staden valde styresmaktene å øydeleggja grava og byggja ein underjordisk parkeringsplass på staden. Ikkje ei einaste røyst protesterte.

Dei israelske vaktarane av jødisk samvit, Amos Oz og andre, har protestert på øydeleggjingane av gamle minnesmerke. Men ikkje gravstaden i Mamilla. Dei samla inn underskrifter mot at vaktmeistrane på Haram a-Sharif-moskeen grov ei titommars grøft for å leggja eit nytt røyr. Dei brydde seg ikkje om at den leiande israelske arkeologen i Haaretz nekta for at gravearbeida gjekk ut over noko av vitskapleg interesse. Dei skildra gravinga som “ei barbarisk, muslimsk handling som freista viska ut den jødiske kulturarva i Jerusalem”. Mellom underskrivarane fann eg, til mi undring og sorg, namnet til Ronny Reich. Ein tek seg i å tenkja at han burde fortalt dei andre om kven som utsletta minna om den jødiske arven ved Mamilladammen.

Kvifor synest eg det er naudsynt å fortelja om blodbadet ved Mamilla? Avdi det ikkje er noko som er fårlegare enn den sjølvrettferdige kjensla av å vera dei evige ofra, forsterka av einsidig historieskriving. Heller ikkje her er jødane unike. Eric Margolis skriv i Toronto Sun om korleis armenarar vart oppeldna av historia om sitt holocaust. Dei massakrerte tusenvis av sine fredelege aserbaidsjanske naboar på nittitalet, og dreiv 800 000 ikkje-armenske innbyggjarar på flukt. “Det er på tide å vedkjenna seg alle grufulle historier her i verda”, konkluderer Margolis.

Sensurert historie skapar eit skeivt bilete av realitetane. Erkjenning av historiske hendingar er eit naudsynt steg på vegen til sunt vit. Tyskarane og japanarane har erkjent brotsverka til sine fedrar, har fått kontroll med sine moralske kjensler og har vorte meir audmjuke folk, til glede for resten av verda. Vi jødar har så langt ikkje greidd å få overtak på kjensla av å vera utvalde framfor dei andre, og står difor i ein utriveleg og fårleg situasjon.

Det er difor ideen om å vera overlegne framleis er med oss, og framleis ropar om folkemord. I 1982 møtte Amos Oz ein israelar. som fortalde forfattaren om sin draum om å bli ein jødisk Hitler for palestinarane. Sakte blir denne draumen til røyndom.

Haaretz trykte her om dagen på framsida ein fatwa, underteikna av ei gruppe med rabbinarar. Rabbinarane proklamerte at Ismael, dvs.arabarane, var det same som amalekittane. Amalekittane er i Bibelen namnet på ein stamme som laga vanskar for israels barn. I soga bed Israels Gud folket sitt om å utrydda amalekittane fullstendig, medrekna husdyra deira. Kong Saul fekk oppdraget. Han utrydda dei, men lét vera å drepa dei venaste ugifte jentene. Denne “feilen” kosta han trona. Plikta til å utrydda amalekittane er framleis mellom grunnsteinane i jødisk tru, men det er mange hundre år sidan nokon freista identifisera ein levande nasjon med den fordømde stammen.

Det finst døme som syner kor fårleg denne fatwaen er. På slutten av andre verdskrigen indentifiserte nokre jødar, mellom anna den seinare statsministeren Menachem Begin, tyskarane med amalekittane. Og faktisk freista ein religiøs sosialist og motstandsmann mot nazistane, Abba Kovner, i 1945 å gjennomføra eit giftåtak på vassforsyninga til tyske byar for å drepa “seks millionar tyskarar”. Han fekk tak i gift frå Efraim Katzir, som seinare vart israelsk president. Katzir hevda at han trudde Kovner “berre” hadde tenkt å forgifta nokre få tusen tyske krigsfangar. Heldigvis gjekk planen i vasken då Kovner vart stogga av britiske tenestemenn i ei europeisk hamn. Denne historia vart publisert i Israel i fjor i ein biografi om Kovner skrive av professor Dina Porat, leiaren for anti-semittisk forskingssenter på universitetet i Tel Aviv.

På godt norsk tyder fatwaen frå rabbiane at det er di religiøse plikt å drepa alle arabarar, inkludert kvinner, born og husdyr til siste katt. Den liberale Haaretz , som både har redaktør og eigar som er skula nok til å skjøna fatwaen, heldt ikkje att annonsen.

Nokre palestinske aktivistar kritiserte meg nyleg for å ha samband med den marginale russiske vekeavisa Zavtra og for å sitera den amerikanske vekeavisa Spotlight. Eg undrar meg kvifor dei ikkje har fordømt meg for å skriva i Haaretz? Zavtra og Spotlight har aldri publisert oppmodingar til folkemord, trass alt.

Det vil vera urettvist å velja ut Haaretz. Ei anna viktig jødiskeigd avis, The Washington Post, prenta ei like sterk oppmoding til folkemord av Charles Krauthammer. Denne arvtakaren til kong Saul kan ikkje lita på at lesarane kjenner Bibelen, så han refererer til general Powells slakt av utslegne irakiske troppar på slutten av golfkrigen. Han siterer Colin Powells utsegn om den irakiske armeen “fyrst avskjer vi det, og so drep vi det”. For Krauthammer, med sine nøye utvalde sitat, kvalifiserer dungar med drepne arabarar ikkje til det menneskelege pronomenet “dei”. Dei er “det”. I den siste fasen av golfkrigen vart store mengder flyktande og avvæpna irakarar slakta med kaldt blod av det amerikanske flyvåpenet, og kroppane deira gravde ned av bulldozarar i ørkensanden i store og namnlause massegraver. Talet på drepne er rekna til mellom hundre tusen og ein halv million. Gud åleine veit namnet deira.

Krauthammer vil ha ein reprise i Palestina. “Det” er alt avskore, og delt i sytti bitar av den israelske armeen. No er alt klart for det store drapet. “Drep det”, ropar han med stor intensitet. Han må vera redd for at persarane nok eingong skal stogga blodbadet før Mammiladammen er full. Hans redsle er vår von.

Featured Posts

If They Are Bombed - They Are Daesh

President Putin is a pirate, no less. In his declaration at the UN, he stole President Bush Jr’s copyrighted 2001 ...

Read More

The Liberation of the Slaves

Donald Trump’s electoral victory unleashed pent-up tectonic energies on the unprecedented scale. The world has been changed, much more than ...

Read More

A Syrian Breakthrough

The Russians and their Syrian allies have cut the main supply line of the rebels to the north of Aleppo, ...

Read More

Evan El-Amin  /  Shutterstock.com

Les guerres de genre de H. Clinton

Est-ce que les hommes qui votent pour H. Clinton vont finir en enfer ? Je n'en suis pas sûr. Nous savons ...

Read More

Ryan Rodrick Beiler / Shutterstock.com

Autumn in Palestine

Autumn is beautiful in Palestine: overripe blue-green figs, unpicked pomegranates pecked by birds, heavy grapes turn red. Now is the ...

Read More

Leave a Reply

Israel Shamir © 2016 Frontier Theme